tirsdag 12. april 2011

dagane som kjem og dagane som går.

hei dag. deg har eg ikkje sett før. eg er ingrid. eg kjente ein dag ein gong, men han er borte no. han forsvant for meg. no er han fortid. eg likte dag. me kom riktig godt over ens. og så, som ved eit trylleslag, var han borte. eg fortsett. anna kunne eg jo ikkje gjere. eg håpar du vert her ei stund, dag. eg likar deg. dag, dagen, dagane. dagane som kjem og dagane som går. bli til i morgon, dag. eg kjenner ikkje i morgon, med deg kjenner eg, dag.

2 kommentarer: