onsdag 29. februar 2012

eg skriv oftast på bokmål, som jo er hovudmålet mitt. men, nokre gongar har eg berre ein nynorsk dag. i dag er ein slik dag. difor vil eg tipse dykk om ein bokhandel den gode feen har tipsa om før meg, nemleg blåmann. her finn du barnebøker på nynorsk! elles har óg ivar aasen-tunet ein butikk med nynorske effektar, bøker inkludert. eg har berre bestilt frå ivar aasen-tunet sjølv, men synest det er kjekt når det vert teke initiativ til å gjere nynorsken meir tilgjengeleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar