fredag 7. september 2012

eg har kome til den konklusjonen at om eg skal halde meg unna alt som er skummelt kjem det ikkje til å gå meg vel. dessutan må det verte kjedelig med tida. eg hadde aldri forlett huset igjen, aldri teke ein telefon til nokon eg ikkje kjenner eller åpna ei regning. så eg har funne ut at livet er til for å levast. og ingenting er som ei nær-døden oppleving for å kjenne hjartet banke og livslysta fylle kroppen. så eg skal på rafting. eg. som er redd for vatn. høgder. fysisk aktivitet. og båtar. eg skal rafte. ynskje meg lukke til. eg treng det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar